Boka Kaninbyen blei gjeven ut i 2004 av forfattaren Arild Rein. Boka blei valt og delt ut i samanheng med at Stavanger var kulturhovudstad i 2008.
Boka handlar om ein tidlegare politimann som heiter Johny Roxmann. Han fekk sparken frå jobben fordi han leigde ut leilegheita til prostituerte, og deretter flytta han til kolonihagen sin. Johny er ein sur mann, som klagar mykje om forskjellige ting som irriterar han. Det første ordet eg ser når eg åpnar boka, er ordet ”faen”. Det første eg les er at han bankar opp ein Indar. Banning blir brukt mykje som verkemiddel i boka. Etter mi meining er det alt for mykje banning. Det verkar som om forfattaren har prøvd å få med så mange bandeord som mogleg då han skreiv boka. Sjølv der det er heilt unaturleg med banneord, blir det brukt. Banning er greitt å bruke i ein roman for å framheve noko, men når det blir brukt så ofte som i denne boka, gjer det berre boka dårlegare etter mi meining.
Det er heller ikkje mykje handling eller spenning i boka. Mesteparten av handlinga i boka er gjerne at hovudpersonen står opp, lagar frukost, tar seg ein tur på trening, kjem heim igjen og tar seg nokre pils. Så går han gjerne ut på byen om kvelden. Han pleier også fortelje om kor dumt alt er. Slik er mesteparten av handlinga i boka. Det er nokre små høgdepunkt, som f. eks når han møter Kim. Den einsformege handlinga gjer at boka blir kjedelig og tung å lese.
Noko av bodskapen med boka, trur eg er å få frem dei negative og mørke sidene med Stavanger by. Hovudpersonen er veldig negativ til byen, og meiner at det er ein by med berre idiotar. Når han er ute på byen, skildrar han utelivet. Det innehald asiatiske horer og hallikar. Bodskapen kjem ikkje så tydeleg fram, sia hovudpersonen har så mange merkelege meiningar og negative haldningar til alt. Det gjer at lesaren trur at han har negativ instilling til alle ting, og ikkje berre Stavanger by. Det negative med byen druknar på ein måte i alt det andre negative i boka.
Eg synes ikkje dette var nokon god bok, og eg ville ikkje anbefalt denne boka til nokon. Det er fordi eg trur dei fleste likar å lese bøker som har ei kjekk handling, og er kjekk og spanande å lese
Rein, Arild . 2004. "Kaninbyen". Det norske samlaget. Oslo 2008
Bilde hentet fra: Samlaget.no
http://www.samlaget.no/nn-NO/Skjonnlitteratur/Romanar-og-noveller/Romanar/Kaninbyen/Innbunden.aspx
26.05.11
26.05.11

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar